I bunadsbutikken i Strandgata 34 har eg eit godt utval av utstyr og tilbehør til bunad. Her finn du alt frå søljer til sko. Dersom du skal sy delar av eller heile bunaden sjølv har eg utstyr til det også.
Treng du ei sølje, skjal til herrebunaden eller ein pakke med tråd og mønster til maljeklutane? Ta kontakt eller stikk innom butikken så fiksar eg det meste.
Her er noko av utvalet du finn i bunadsbutikken:
- Skrin til oppbevaring av bunadsølv.
- Garderobeposer
- Selar
- Silkeskjerf
- Strømpar
- Sølv
- Materialpakkar for deg som vil sy sjølv
- Knappestøvlar
- Ferdige capar
- Litt sysaker
I tillegg her eg smykker og knappar fra Snella og Petronella. Dette har ingen ting med bunad å gjere, men er porselensprodukt produsert på Hurumlandet av Natasja Krabbe.