Skal du ha deg nye bunad – eller vil du sy om den gamle etter oldemor? Kanskje treng du berre hjelp til deler av bunaden. Hos Petra Tråkletråd får du hjelp til all slags saum på ny eller gammal Sunnfjordbunad.
I bakre del av lokal i Strandgata 34 har eg syverkstaden min – og der blir bunadane til. Eg syr sunnfjordbunad til dame og herre. Eg er opptatt av at bunaden skal vere et handverk, og likar ikkje at maskinsaumar viser. Difor syr eg mykje av saumen for hand. Bunaden skal sitte fint på eigaren og er tilpassa kvar enkelt.
Eg gjer også omsying, dersom ein har forandra fasong, har arva eller kjøpt brukt.
I tillegg har eg kurs for dei som ønskjer å sy sin eigen bunad. Eg har også kurs for dei som vil sy bunadskjorte.