Kven er eg?
Eg heiter Janne Haugnes og er fødd og oppvaksen I Florø. Eg har «alltid» drive med handarbeid, heilt frå eg strikka skjerf til dukka mi då eg var ca 6 år. Mora mi lærte meg å sy på maskin allereie i 8 årsalderen. Det vart mange rare kreasjonar til dukkene mine… Etterkvart sydde eg klær til meg sjølv, reparerte og sydde om.
Eg sydde min eigen bunad på kurs i 1998. Deretter sydde eg til søstra mi og ei svigerinne. I 2000 gjekk eg på kurs og sydde bunad til mannen min. Medan ungane mine var små sydde eg nokre bunadar på hobbybasis. Eg gjekk kurs og sydde bunadjakke og bunadskjorte.
I november 2012 starta eg firmaet mitt, Petra Tråkletråd.
Kvifor Petra Tråkletråd?
Kvar gong faren min kom på besøk og såg eit nytt syprosjekt på spisebordet sa han: «No må du sette drømmen din ut i verk! Start for deg sjølv!» Men eg turde ikkje låne pengar for å starte. Då han døydde, arva eg litt pengar og bestemte meg for å gjere som han hadde sagt. Eg hadde heile tida ein tanke om at det skulle vere ein link mellom han og firmaet. Eg tenkte lenge på korleis eg kunne flette Petter inn i namnet.
Så slo det meg ein dag. Oldemora mi heitte Petra. Sjølvsagt! Og kva gjer eg… jo eg tråklar! Dermed var firmanamnet klart. Eit artig namn som blir lagt merke til – Petra er jo eit «godt, gamalt, tradisjonelt norskt namn».
Kva gjer eg?
Eg starta i det små og har bygd opp bedrifta litt etter litt. I desember 2014 flytta eg fra 2. etasje i Strandgata 35 til gateplan i Strandgata 34. Tilgangen for publikum vart enklare og eg utvidar stadig varetilbodet.
I bakre del av lokalet har eg syverkstaden min og der blir bunadane til. Eg syr sunnfjordbunad til dame og herre, og er opptatt av at bunaden skal vere et handverk. Eg likar ikkje at maskinsaumar viser, difor syr eg mykje av saumen for hand. Bunaden skal sitte fint på eigaren og er tilpassa kvar enkelt.
Eg gjer også omsying, dersom ein har forandra fasong, har arva eller kjøpt brukt.
I tillegg har eg kurs for dei som ønskjer å sy sin eigen bunad. Eg har også kurs for dei som vil sy bunadskjorte.

Janne Haugnes
E-post: petratrakle@gmail.com
Tlf.: 97 79 66 88