Sunnfjordbunad for dame og herre
Damebunaden
Bunaden eg syr til dame blir kalla sunnfjordbunad, men er eigentlig ein fiskarfagskulebunad – konstruert rundt 1925 for fiskarfagskulen I Florø. Jentene som gjekk der skulle lære seg saum og husflid.
Fiskarfagskulebunaden kan du lese om i magasinet BUNAD.
Dette kan ein lese meir om I forskjellige dokument, f.eks. «Jol i Sunnfjord 2002». I opprinnelsen var den laga med svart stakk og grønt liv. Opp gjennom åra har det kom til ein heilt blå og ein med blå stakk og raudt liv. Ein kan ha vevde fangband, eller forkle med sølvbelte eller brodert belte. Maljestykkene kan ha forskjellige mønster.
Skjorta til damebunaden er laga i lin med linningar og bringelist i enkel uttrekksaum (broderier nedover framstykka). Det finnast flere mønster på broderia.
Fiskarfagbunaden hadde grøn vest.
Herrebunaden
Herrebunaden vi kjenner vart konstruert og vist fram i 1964. Den er tufta på gamle funn frå Jølster og er inspirert av herremoten på 17-1800-talet. Det er fleire herrebunader fra Sunnfjordområdet, men den eg syr har svart nikkers, raud jakke og vest med grøne framstykker og kvit rygg. Skjorta er i ubleika lin med broderi på linningane i enkel uttrekksaum.
Det blir brukt eit breidt heilbrodert belte til, strikka sokkar, sokkeband og selar. Ein kan også bruke silkeskjerf i halsen, og hatt eller strikkahue. Det er vanleg med knappar og søljer i sølv eller messing.
Knappeholsdetalj herrebunad.
Cape og jakke
Eg syr og sel ulike modellar av ferdige capar og damejakker til sunnfjordbunad i butikken.
Les meir om dei ulike modellane og sjå fleire bilde på sida om cape og jakker.
Grøn cape til grøn vest.