Herrebunaden vi kjenner vart konstruert og vist fram i 1964. Den er tufta på gamle funn frå Jølster og er inspirert av herremoten på 17-1800-talet. Det er fleire herrebunader fra Sunnfjordområdet, men den eg syr har svart nikkers, raud jakke og vest med grøne framstykker og kvit rygg. Skjorta er i ubleika lin med broderi på linningane i enkel uttrekksaum.
Det blir brukt eit breidt heilbrodert belte til, strikka sokkar, sokkeband og selar. Ein kan også bruke silkeskjerf i halsen, og hatt eller strikkahue. Det er vanleg med knappar og søljer i sølv eller messing.
Når ein skal ha herre sunnfjordbunad kan ein gjere nokre val:
- Ein kan velge rustraud eller høgraud ulljakke. Begge er sydde med grønne kvarekantingar, kanta med gule kjedesting langs opninga og har handsydde knappehol i svart og grøn. Jakka har 8 knappar. Bak er den sydd med klaffar med pyntesaum i splitten.
- Nikkers er sydd i svart ull, den har klaff framme og lommar. Den har 3 små knappar på leggen og 6 store knappar i opninga framme og 2 bak for festing av selar. Alle knappehol er sydd for hand med svart silketråd.
- Vesten er mosegrøn framme og naturkvit i ryggen, med svart ullkanting. Den har høg krage, 7 handsydde knappehol i raudt og gult og har 7 små knappar.
- Det skal vere selar på buksa. Vanlegaste er å bruke vevde selar, men ein kan også bruke broderte selar. Det er ein aukande tendens å bruke kjøpte strikkselar.
- Strømpebanda/hosebanda er fletta/pøsa i fleire fargar. Vanlegvis svart, raud, grøn og oker.
- Det broderte beltet er kanta med grøn kvaring med gule stikkesting. Spenna er stor og flott, anten i sølv eller messing.
- Strømpane er strikka med flettemønster, i naturkvit, eller mønstra i svart og kvit åttebladroser.